Visningar fleire torsdagar i november og desember
SOLRIKE, SENTRALE OG LETTSTELTE BUSTADER MED UTSIKT TIL FJORD OG FJELL
Kom og sjå! Nye møblerte leilegheiter i Husnes sentrum
Dei to siste leilegheitene (78 kvm og 100 kvm) er møblerte, klare for visning og innflytting.
Moderne bustader som passar for alle
Her kan du bu midt i Husnes sentrum utan å tenkja på å klyppa plenen eller måla veggane. No med reduserte prisar!
  • Gode naboar og sosialt fellesskap
  • Alt du treng finst i gåavstand
  • Spar kostnader til straum og vedlikehald
  • Carport, bod, heis og stor balkong
  • Husbankfinansiering: flytande rente 3,8 %, fast rente 4,5 %
Visningar i Husnes seniorsenter
Torsdag 30. november, klokka 14.00–17.00
Torsdag 14. desember, klokka 14.00–17.00

Velkomen inn i bygget for å sjå bustadene som er tilgjengelege! Dei er no møblert for å gje deg ei heimsleg kjensle.
(Møblar følgjer ikkje med på kjøpet)

Hugs at ein også kan leiga leilegheit i opp til eitt år. Du får då forkjøpsrett på same leilegheit, og 75% av det du har betalt i leige blir trekt frå kjøpesummen.
Prøv å bu i seniorsenteret!
No kan du leiga ein av leilegheitene i opp til eitt år. Du får då forkjøpsrett på same leilegheit, og 75% av det du har betalt i leige blir trekt frå kjøpesummen.

For meir informasjon, ta kontakt:
Leif Helge Østebø
Salsansvarleg i Engelsen bygg
Tlf. 970 59 565
Epost: lho@engelsenbygg.no

Du finn også mykje informasjon på denne nettsida – open døgnet rundt!

seniorsenteret husnes
29 solrike, sentrale og lettstelte bustader med utsikt til fjord og fjell
ABO Plan & Arkitektur, Engelsen Bygg og Seniorgruppa i Kvinnherad frivilligsentral er stolte av å kunna presentera Seniorsenteret Husnes, 29 solrike, sentrale og lettstelte bustader med utsikt til fjord og fjell frå midt i smørauget av Husnes sentrum.

Bustadene er for vaksne i alle aldrar som ynskjer eit enklare liv med nærleik til alt ein treng.
Foto: Tore Kvalheim
Livskvalitet
I utviklinga av Seniorsenteret blei det lagt vekt på at bustadene skulle leggja til rette for eit godt liv og at det skal vera trygt og godt å bu der. Kva legg vi i dette? Her er nokre døme på ting som gjer livet lettare:
  • Utvendig vedlikehald tek andre seg av
  • Heis frå inngangsplanet, i tillegg til trapp
  • Overbygd svalgang til bustadene
  • Porttelefon for gjester og besøkjande
  • Stor, solrik og skjerma altan
  • Gode planløysingar som gjer romma godt tilgjengelege
  • Eigen parkeringsplass og utvendig bod
  • Stort felles hageanlegg med sitjegrupper
  • Eige bygg som fungerer som møteplass, for dagleg drøs
  • Gangavstand til butikk, apotek, lege og andre tilbod
Frå arkitektane
Eit inkluderande bustadprosjekt
Arkitektane Gretha Rød (til venstre) og Zuzana Kerulova
Visjon
Vi ønskjer at senteret skal vera ein trygg heim for godt vaksne, der bebuarane kjenner seg inkludert i samfunnet, og der kostnaden for å kjøpa seg ein bustad er på eit nivå der flest mogleg som ynskjer det skal kunna flytta inn.

Plassering
Seniorsenteret har ei svært sentral plassering. Frå husværa får du god utsikt til Opsangervatnet, fjella i bakgrunnen og sentrumslivet rundt. Like utanfor inngangsdøra finst det eit variert butikktilbod, turstiar og fritidsaktivitetar. Her vil alt liggja til rette for eit godt liv.

Uteområde
Bygget er plassert midt på tomta og har ei L-form som rammar inn eit stort hageanlegg på sørsida. Hageanlegget vil vera felles for alle bebuarane og vil fungera som ein sosial møteplass. Eit stort drivhus med langbord og eldstad har god plass til å dyrka både vekstar og venskap.

Bygget
Seniorsenteret vil få fem etasjar. Det har eit næringsareal på grunnplanet og 29 bustader frå 2. til 5. etasje. Det vil vera ein felles hovudinngang med heis- og trappehus, der ein kjem opp i bygget til svalgangar som fører til husværa. Same hovudinngang fører også inn i 1. etasje og næringsarealet.

Husværa
Dei 29 leilegheitene har to eller tre soverom og finst i tre ulike storleikar. Dei fleste husværa er på om lag 69 m², pluss utvendig bod på 5 m². Alle bustadene er planlagt med tilgjengeleg utforming og klargjort for rullestolbruk. Med overbygde, private altanar på minst 14 m², godt skjerma mot vêr og innsyn, ligg alt til rette for å vera ute, sjølv på regnvêrsdagar.

Carport med sportsbod
Langs hovudvegen mot nord, Heiamyro, er det planlagt carportar med boder i nærleiken av inngangspartiet. Kvar bustad har eiga sportsbod på 5 m², mange av dei som ein del av overbygd carport. I tillegg vert det lagt til rette for gjesteparkering for Seniorsenteret og næringsarealet.
ABO Plan & Arkitektur AS
Gretha Rød og Zuzana Kerulova
Kva får du i bustaden?
  • Gode soltilhøve
  • God utsikt i nærmiljøet
  • Kort avstand til butikkar, apotek og andre servicetilbod
  • 2- eller 3-roms husvære
  • Privat balkong
  • Bad med flisar
  • Kjøken og baderomsinnreiing med høg kvalitet
  • Integrerte kvitevarer
  • Parkett
  • Opparbeidd fellesområde med gangvegar og park
  • Heis
  • Parkeringsplass
Dette inngår i felleskostnadene:

  • Felles straum
  • Avfallshenting av SIM
  • Revisjon av KPMG
  • Rekneskap av SUMARUM
  • Kommunale avgifter
  • Brøyting og strøing
  • Reinhald av inngangsparti og matter
  • Hagestell, kosting, spyling
  • Serviceavtale for heis
  • Serviceavtale for det elektriske
  • Serviceavtale for vatn og avløp
  • Fasadevask og maling
  • Forsikring av bygget
  • Diverse innkjøp
  • WIFI til ladestasjonar og uteområde
  • Styrehonorar
  • Uføresette utgifter
• Leilegheit med 2 eller 3 soverom
• Storleik frå 69 til 99 m²
• 5 m² utvendig bod i tillegg
• 20 av leilegheitene får carport
• Bustadene blir organisert som sameige med personleg seksjonsnummer
• Golvvarme og ventilasjon
• Stor overbygd altan

Stove
• Stove med utgang til solrik og stor altan
• Golvvarme

Kjøken
• Kjøken med god spiseplass
• Moderne kjøkeninnreiing med integrert kjøl/frys, oppvaskmaskin, varmluftsovn, koketopp og ventilator med kolfilter
• Golvvarme

Soverom
• 2 eller 3 soverom med garderobar

Bad
• Bad med varmekablar, flis på golv og vegg
• Baderomsmøblar, dusj og toalett
• LED-lys i baderomstak, med dimmar

Bod/vaskerom
• Bod/vaskerom sentralt plassert
• Fliser på golv
• Opplegg for vaskemaskin

Anna
• Gang med garderobehylle/stang
• Hovudinngangsdør med porttelefon
• Slette innerdører med dempelist i karm
• Himlingar med sparkla/malte gipsplater
• Vegger sparkla/malte råkvit eller skumring
• Eikeparkett, 3-stavs, kvitlasert lakkert
• Golvlister i eik, kvitbeisa/lakkert
• Listefritt i tak
• Dør- og vinduslist i same farge som vegg
• Elektrisk opplegg, NEK 400
• Taklampar med LED i gang, soverom og bod/vaskerom
• Opplegg for breiband og TV
• 200 liter VV-beredar
Om Husnes
Regionsenteret Husnes ligg ved innseglinga til Hardangerfjorden og er den største tettstaden i Kvinnherad kommune med om lag 2 200 innbyggjarar. Husnes er handels-, skule- og idrettssenteret i kommunen, og har eit stort utval av tenestetilbod. Her ligg det største handelssenteret i Sunnhordland. Du finn mange spennande butikkar, som tilbyr eit stort utval for heile familien, samt campingplass, fleire restaurantar, helsesenter og offentlege kontor.

Her er eit stort kulturtilbod og viktige arbeidsplassar. Aluminiumfabrikken Hydro Husnes, som er største private arbeidsplassen i kommunen, ligg her. Staden er prega av kulturelt mangfald; få bygder har fostra så mange rockeband og artistar som nettopp Husnes. Mange kulturaktivitetar og eit levande musikkliv set sitt preg på bygda. Diktaren Jonas Lie (1833–1908) budde her i sine barne- og ungdomsår.

Husnes har eit aktivt idrettsmiljø med flotte banar for friidrett og fotball, idrettshall, symjehall og roarena ved Opsangervatnet. Husnes har kunstgrasbane og ein vakker golfbane, som begge er svært populære. Her ligg òg Kvinnherad vidaregåande skule med om lag 400 elevar fordelt på fleire studieretningar, samt barne- og ungdomsskule. Husnes er eit fint utgongspunkt for turar med fleire merka løyper tilrettelagde for heile familien til fjells og i mark. I Opsangervatnet og Husnesfjorden kan ein bada og prøva fiskelukka.

Ein spasertur på 10–15 minuttar frå sentrum ligg Søralparken med båthamn, fotball-, tennis-, sandvolleyball- og golfbanar. Husnes båthamn har alt som skal til for å tilfredsstilla både dei lokale og båtturistar.

Husnes, med modell av Seniorsenteret lagt på.
Husbankfinansiering (85 %)
Husbanken sitt grunnlån skal fremja gode kvalitetar i nye bustader og sikra nødvendig bustadforsyning i distrikta. For at Seniorsenteret kan bli godkjent for husbanklån må det liggja føre rammeløyve, og bustadene må oppfylla særskilde kvalitetskrav. I dette prosjektet satsar vi på livsløpsbustader; det vil seia at personar uavhengig av funksjonsnivå kan bli buande i eigen bustad gjennom heile livet, leva aktivt og vera mest mogleg sjølvhjelpne.

Kven kan søkja?
Privatpersonar som ønskjer ny bustad. Salsansvarleg vil, i samarbeid med bank og meklar, ordna med utfylling av lånesøknad for kjøparane og innsending til Husbanken.

Kor stort lån kan du få?
Grunnlånet utgjer 85 % av salsprisen. Det er eit vilkår at betalingsevna er tilfredsstillande og at du blir godkjend som låntakar.

På Husbanken sine nettsider finn du lånekalkulator som gjev deg ei god vurdering på kor stort lån du kan rekna med å få med bakgrunn i din eigen livssituasjon. Resten av kjøpesummen må finansierast med eigenkapital.

Du kan også prøva deg fram med lånekalkulatoren her:
Lastar inn kalkulatoren...
Kjøpa bustad
Reservasjon og kjøp av leilighet skjer etter først-til-mølla-prinsippet. Ynskjer de å kjøpa bustad må de fylla ut kjøpetilbud-skjemaet og senda det til salgsansvarlig. Det kan sendast på e-post eller som eit bilete i melding på telefon 970 59 565.

Om ynskja leilighet er ledig vil de få ein skriftleg aksept på kjøpetilbodet. Om bustaden allereie er kjøpt vil salsansvarleg kontakta dykk for å informera om andre alternativ som er ledige, og ein kan avtala kjøp av ein annan leiligheit.
Ta kontakt for meir informasjon
Leif Helge Østebø
Salsansvarleg
Telefon: 970 59 565
E-post: lho@engelsenbygg.no
Prisliste
Denne lista syner dei leilegheitene som er ledige. Oppdatert 31. august 2023.
Kjøp med Husbankfinansiering
Du kan kjøpa bustad og få eit lån i Husbanken som dekker opp til 85% av kjøpesummen.

Leilegheit L-207
3 rom
78 kvm, carport og utvendig bod på 5 kvm.
Pris: kr 3 400 000,–
2,5% dokumentavgift av tomtekost:
kr 120 000,– + omkostning/tinglysing
Ca. 85% Husbankfinansiering av kjøpesum.

Leilegheit L-208
4 rom
99,5 kvm, carport og utvendig bod på 5 kvm.
Pris: kr 4 800 000,–
2,5% dokumentavgift av tomtekost:
kr 120 000,– + omkostning/tinglysing
Ca. 85% Husbankfinansiering av kjøpesum.
1-års leigeavtale med kjøpsopsjon
Du kan også inngå ein leigeavtale i opp til eitt år, der du får forkjøpsrett på bustaden og ein redusert kjøpspris.

Leilegheit L-207
3 rom
78 kvm, carport og utvendig bod på 5 kvm.
Pris: kr 3 400 000,–
Eitt års leigeavtale med kjøpsopsjon, løyst inn etter seinast 1 år.
Leigekostnad per månad: kr 10 000,– + felleskostnader kr 3 420,–
Totalt kr 13 420,– per månad.
Straum kjem i tillegg. Stipulert kost: kr 1 000,– per månad.
Depositum: kr 26 840,–
75% av leigesummen på kr 10 000,– blir avkorta salgssummen ved kjøp.
Det kjem til 2,5% dokumentavgift på heile kjøpesummen, kr 3 400 000,– + omkostningar/tinglysing.
Privat finansiering.

Leilegheit L-208
4 rom
99,5 kvm, carport og utvendig bod på 5 kvm.
Pris: kr 4 800 000,–
Eitt års leigeavtale med kjøpsopsjon, løyst inn etter seinast 1 år.
Leigekostnad per månad: kr 13 000,– + felleskostnader kr 4 160,–
Totalt kr 17 160,– per månad.
Straum kjem i tillegg. Stipulert kost: kr 1 200,– per månad.
Depositum: kr 34 320,–
75% av leigesummen på kr 13 000,– blir avkorta salgssummen ved kjøp.
Det kjem til 2,5% dokumentavgift på heile kjøpesummen, kr 4 800 000,– + omkostningar/tinglysing.
Privat finansiering.
Reservér leiligheita di i dag!
Last ned brosjyren vår, informasjonsskriv, skjema for kjøp og oppdatert prisliste.
Framdrift
Her ser du litt av kva vi har gjort:
1
November 2018
Kring 70 personar møtte fram til det første orienteringsmøtet om seniorsenteret. (Foto: Jane Nundal)
2
Januar 2019
Arbeidsgruppa har konstituert seg (frå venstre): Kristian Hus, Otto Blokhus, Sigurd Næss, Aud Sigrun Fausk, Ståle Hallingstad og Roald Teigen. (Foto: Ragnhild Engelsen Tofte).
3
Mars 2019
Otto Blokhus, Roald Teigen og Aud Sigrun Fausk på synfaring i sentrum. (Foto: Kristian Hus).
4
April 2019
Otto Blokhus, Roald Teigen, Aud Sigrun Fausk og Kristian Hus under utdelinga av gåver frå SpareBank1-stiftinga Kvinnherad i kulturhuset. (Foto: Daniel Morso).
5
Juni 2019
Seniorgruppa har vore på rådhuset og presentert planane for seniorsenteret. (Foto: Kristian Hus).
6
August 2019
Sivilarkitektane Gretha Rød og Zuzana Kerulova presenterte prosjektet for styringsgruppa onsdag 15. august 2019. (Foto: Kristen Børje Hus)
7
Desember 2019
Prosjektstyret i møte med ordførar Hans Inge Myrvold og kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik på rådhuset 5. desember. (Foto: Kristian Hus)
Nyhendesak: Oppdatering i førjolstida
8
Januar 2020
Vi signerer opsjonsavtale om kjøp av tomt. Frå venstre: Roald Teigen, Birte Hjelmeland Bruvik, Otto Blokhus og Kristian Hus. (Foto: Tomas Bruvik)
Nyhendesak: Godt nytt år!
9
Oktober 2020
Sal av leilighetene kom i gong, og fleire salsmøte i Kulturhuset vart halde for å orientera interesserte
Nyhendesak: Opp og fram!
10
November 2020
Kvinnherad Breiband kjøper første plan i bygget, og prosjektet blir bestemt realisert. Biletet: Engelsen Bygg AS, prosjektgruppa og KBand møttest på tomta. (Foto: Marius Nissestad/Grenda)
Nyhendesak: Seniorsenteret kjem!
11
Desember 2020
17. desember blei det prøvegravd på tomta for å undersøkja grunnforholda med tanke på fundamentering av bygget. Prosjektgruppa markerte dagen med alkoholfri sjampagne.
Nyhendesak: O, jul med din glede…!
12
Februar 2021
4. februar opna vi salskontoret i Husnes storsenter, der folk kan koma innom for å kikka på planteikningar, kjøken- og elektroløysingar, tilval og få meir informasjon om prosjektet. (Foto: Kristian Hus)
Nyhendesak: Nytt år – og ny fart i arbeidet!
13
April 2021
Torsdag 22. april 2021 blei ein etterlengta merkedag for seniorsenteret. Då kunne leiaren i prosjektstyret, Roald Teigen, endeleg ta det første jafset med gravemaskina til Dimmelsvik Entreprenør for å markera at det fysiske arbeidet på tomta er i gang. Det var nesten på dagen tre år etter det aller første møtet om eit seniorsenter på Husnes.
Nyhendesak: Første spadetak!
14
Mai 2021
Tysdag 25. mai pågår arbeidet i tomta for fullt, med graving og bortkøyring av mold og påfyll av steinmassar. I tillegg er «pelinga» til fast fjell komen i gang, forutan at siste treet på tomta måtte falla i dag.
Nyhendesak: peling og graving
Vi står bak prosjektet
Om arkitekten
ABO Plan & Arkitektur er ein leiande aktør innan fagområda arkitektur og plan. Gjennom heilskapleg planleggjing arbeider firmaet fram mot ein estetisk god og funksjonell arkitektur. ABO har brei kompetanse innan arealplan og arkitektur, og har sertifisering som sikrar ein trygg og god prosess frå start til fullført prosjekt.

Om entreprenøren
Engelsen Bygg er bygd opp av solid handverk og fagkunnskap tilpassa dei fleste typar byggjeprosjekt. Selskapet har hovudvekt på totalentreprisar for offentlege og private oppdragsgjevarar. Dei har også gjennom mange år skaffa seg svært god kompetanse innan rehabilitering, mellom anna innan verna bygningsmasse.
Initiativtakar
Kvinnherad frivilligsentral, seniorgruppa
Arkitekt
ABO Plan & Arkitektur
Gretha Rød og Zuzana Kerulova
Totalentreprenør
Engelsen Bygg AS
Marknadsføring og foto
Kristian Hus
Grafisk formgjeving
Multipleks design
Meld di interesse
Vil du følga med på kva som skjer med Seniorsenteret? Skriv deg på lista vår så vil vi med ujamne mellomrom sende deg ein e-post som fortel om framgongen i bustadprosjektet, og elles halda deg oppdatert.
Du kan også nytta dette skjemaet for å kontakta oss med spørsmål eller innspel, eller du kan senda oss ein e-post: