Nyhende

Synfaring i det nye året

BILETET: Tre av medlemmene i prosjektgruppa saman med salsansvarleg for prosjektet (frå venstre): Roald Teigen, Aud Sigrun Fausk, Leif Helge Østebø (Engelsen Bygg) og Otto Blokhus. 

Det er full fart i bygginga av seniorsenteret på Husnes om dagen, noko prosjektgruppa nyleg fekk sjå med eigne augo under ei synfaring frå første til femte etasje. I april etablerer Kvinnherad Breiband seg i sine nye lokale på første plan, medan dei første bebuarane flyttar inn i sine respektive leilegheiter til sommaren. 

Prosjektet er i rute til å verta ferdigstilt sommaren 2022. 

Prosjektgruppa fekk eit svært godt inntrykk under synfaringa, både bygningsmessig og visuelt. Eit poeng som blei trekt fram, er at bygget er så godt isolert at behovet for straum til oppvarming blir langt lågare her enn til dømes i ein vanleg einebustad. For mange kan det vera snakk om meir enn ei halvering av forbruket. I tider med høge straumprisar er dette eit vesentleg poeng for dei som enno sit i tenkjeboksen og vurderer å kjøpa.



Otto Blokhus blir 90 år i august og har sikra seg leilegheit i 5. etasje. Derifrå har han god utsikt over bygda hans voks opp i.