
Visningsdagar
Den siste helga i februar inviterer vi deg inn i leilegheitene som er under oppføring i Husnes sentrum. Du kan sjå kor langt vi er komne og kjenna på om dette kan vere noko for deg. Reservér ei visningstid på nettsida vår her.På visningsdagane vil vi også ha ope i utstillingslokalet slik at du kan sjå på kjøkenfrontar, benkeplate, parkett og andre kvalitetar som kjem med leilegheitene.
Visningsdagar:
Fredag 25. februar 15.00–18.00
Laurdag 26. februar 13.00–16.00
Oppmøte er ved innkjøringa til Seniorsenteret, på austsida. Sjå kart under. Skulle du ha spørsmål kan du kontakta salsansvarleg:
Leif Helge Østebø
Tlf. 970 59 565
Epost: lho@engelsenbygg.no

Utstillingslokale
Vi held utstillingslokalet vårt i Husnes storsenter ope på alle torsdagar fram til 28. april. Her kan du sjå på standardsleveransane til kjøken, bad, golv og anna. Velkomen innom for ein prat! Du kan også reservera ei tid om du vil det.Opetider:
Torsdagar 09.00–14.00
Vi ser fram til å møta deg her eller der!