Nyhende

Snart innflytting i seniorsenteret

Seniorsenteret Husnes nærmar seg fullføring, og i månadsskiftet juni/juli kan dei første bebuarane flytta inn i sine respektive og moderne leilegheiter. Nokre veker seinare kjem dei andre etter. Kvinnherad Breiband er allereie på plass i første etasje.

Onsdag kveld var dei fleste bebuarane samla i kulturhuset for å velja styre til sameiget og få informasjon om praktiske ting i samband med innflyttinga. Gunnhild Nilsen Hillestad vart valt til styreleiar. Oddvar Nedrevåg og Arild Saugestad er styremedlemmer. Prosjektgruppa som har arbeidd i snart fire år med seniorsenteret fekk takk og blomar for innsatsen sin.

Seniorsenteret inneheld totalt 29 bustadeiningar forutan næringsverksemda på første plan. Folk frå mange bygder i Kvinnherad har valt å flytta inn i dette første bustadprosjektet i sitt slag her i kommunen, så å seia midt i Husnes sentrum, med kort veg til dei mest nødvendige servicefunksjonane ein treng for å leva eit godt liv.