Nyhende

Oppdatering i førjolstida

Sjølv om det ikkje nett går «i hundre» om dagen, går det i alle fall framover, steg for steg. Spørsmålet om tomt og kven vi skal samarbeida med i byggeprosessen, er to av sakene styret arbeider med for tida. Vi håpar begge delar skal vera klart tidleg i januar.

Som du venteleg hugsar, ba vi i oktober om synspunkt på spørsmålet om korleis seniorsenteret bør vera organisert (sameige eller burettslag). Langt dei fleste svara at burettslagmodellen er å føretrekkja, men styret har likevel ikkje konkludert i spørsmålet. Forutan gode synspunkt frå mange interessentar, vil prosjektstyret uansett leggja vekt på det alternativet som vi meiner er mest gunstig for kjøparane – på kort og lang sikt.

Vårt mål er også at alle som vil, skal kunna kjøpa seg eit husvære i Husnes seniorsenter etter sine personlege ønskje og betalingsevne, og at bukostnadene er til å leva med.

Husbanken og kommunen
25. oktober hadde vi eit godt og konstruktivt møte med Husbanken i Bergen. Dei blei rett og slett begeistra for prosjektet vårt. Vi fekk positive signal om at Husnes seniorsenter er eit prosjekt dei ønskjer å prioritera, og endåtil visa fram som eit eksempel på private som går saman for å skapa eit felles bustadprosjekt med gode kvalitetar.

Husbanken sine representantar i møtet likte sjølve ideen, plasseringa i sentrum og teikningane. Dei gav oss også råd om velja burettslag som organisasjonsmodell, men dette har vi som sagt ovanfor ikkje bestemt noko om enno.

Sidan sist har vi også hatt eit godt møte med ordførar og kommunedirektør om Kvinnherad kommune si eventuelle deltaking i prosjektet. Husbanken ønskjer at kommunen må bli deltaktig på ein eller annan måte, og det håpar vi å få til. Dei politiske signala er i alle fall gode.

Sjølv om kommuneleiinga ikkje har lova noko konkret på dette stadium, fekk vi i det minste ros for initiativet vårt og gode ønskje med på vegen vidare. Og når kommunedirektøren endåtil «applauderer» prosjektet, styrkjer det oss i trua på ei god løysing når bustadplanen skal rullerast til våren. Slik vi oppfattar mange politikarar vil også dei gjera sitt for at prosjektet blir realisert, med kommunal medverknad.

Plassering
Prosjektstyret har vurdert fleire aktuelle tomter og har til no i prosessen konsentrert oss om arealet nærast Teigenbygget. Vi har vore i dialog med eigarane, MidgardGruppen/Husnes Storsenter om ein opsjonsavtale, men har ikkje blitt enige om det så langt. Vi har òg sett på andre alternativ i sentrum, både ei kommunal og ei privat tomt. Alle tomtene vi har sett på er godt tenlege til føremålet.

Vi er elles i dialog med fleire byggjefirma, som vurderer å vera med. Prosjektstyret ønskjer å knyta til seg ein totalentreprenør som kan organisera det heile, inklusiv anbodsprosess og byggjeleiing. Vårt håp no er at alle som har vist interesse for seniorsenteret, vil vera med vidare og teikna seg som kjøparar når tida er inne for det, slik at arbeidet kan starta opp i 2. halvår 2020.

God og fredfull julehelg til dykk alle!

Husnes, 17. desember 2019

Beste helsing prosjektstyret
Roald, Otto, Aud Sigrun og Kristian