Vi er inne i den «stille veka», først og fremst i kristen tyding, men òg i høve til aktiviteten på seniorsenteret. Frå gammalt av skulle ein i størst mogleg grad la alt arbeid liggja på denne tida og det skulle vera stille både ute og inne. Slik er det på byggjeplassen i desse dagar, etter at arbeidsfolka deltok i eit forseinka kranselag i ein av dei nye carportane på torsdag, også det etter gammal tradisjon. Pizza, brus, kake og kaffi stod på menyen.
Leif Helge Østebø frå Engelsen Bygg AS ønskte velkomen og rosa arbeidsfolket for deira innsats med å få reist det første seniorsenteret i Kvinnherad. Han fortalte òg om tradisjonen med kranselag, som går heilt attende til 1400-talet.
– Det har vore eit stort lagspel med mykje byggjeaktivitet og mange fag som har vore involverte i arbeidet, og det har blitt gjort ein svært god jobb, sa representanten frå Engelsen.
Gunnhild Nilsen Hillestad helsa frå Kvinnherad Breiband, som har kjøpt heile første etasjen i senteret. Også ho nytta høvet til å rosa arbeidarane for god innsats. Etter planen vil breibandselskapet ta i bruk sine nye lokale i neste månad, og Nilsen Hillestad sa at dei verkeleg gler seg.

I rute
Arbeidarane kunne ta påskeferie med godt samvit og i forvissing om at prosjektet er i rute. Går alt som planlagt framover vil dei første bebuarane kunna flytta inn i månadsskiftet juni/juli. Av 29 leilegheiter er 22 selde per i dag, medan éin er reservert. Så om du ønskjer å kjøpa éin av dei seks siste som enno er ledige, så er rette tida no. Ved å utsetja handelen, risikerer du samtidig ein høgare pris, blant anna på grunn av dokumentavgifta til staten på heile kjøpesummen. (Dei som har signert kontrakt til no har berre måtta betala slik avgift for tomteverdien av leilegheiten).
Prisane har no stått fast sidan reguleringa i september i fjor, trass i stor auke på innkjøp. Slik vi ser det, vil ein gjera eit røvarkjøp ved å handla til dagens prisar. Husbanken har òg generell låg rente (1,1 %), som er føreseieleg det neste halvåret. Om det er ønskjeleg, kan du dessutan låsa renta på eit gunstig nivå (ca 2,5 %) når lånet blir utbetalt.


Innspurt
Innvendig byrjar alle dei minste leilegheitene (70 kvm) i 5. etasjen å bli ferdige, medan det i 2.–4.etasje pågår måling, leggjing av parkett, flisar og kjøkenmontering. I dei største leilegheitene med utsikt mot Opsangervatnet, vil tømrararbeidet pågå fram til i slutten av månaden, før målarane overtek.Elles var det ein stor milepæl då heile uteområdet i slutten av mars blei asfaltert, slik at det no ser meir ferdig ut med kantsteinar mot arealet der det skal koma grøntareal. Fasadearbeidet pågjekk òg for fullt fram til «den stille veka». Etter påske blir det full fart igjen med både fasadar og carportar.
Utvendig er det også planlagt eit 75 kvadratmeter stort bygg, eit «drivhus» om ein vil, eller ein møteplass der bebuarane kan møtast ved ulike høve, slik vi i prosjektgruppa har vore opptekne av frå første dag. Det er vårt håp at byggherren får dette til når dei no vurderer økonomien i prosjektet.

Så minner vi om at Engelsen Bygg har dei to siste kontordagane i Husnes Storsenter 21. og 28. april. Nye interessentar får likevel høve til å koma på synfaring etter dette, og kan endåtil reservera aktuelle leilegheiter i tre veker. Med tanke på dei galopperande straumprisane og vedlikehald av eigen bustad, vil det tvillaust bli langt billegare å bu i ein mindre leilegheit i seniorsenteret. Fagfolk har til dømes rekna ut at straumutgiftene kan reduserast med 60–70 prosent samanlikna med ein einebustad.
Kort avstand til butikkar og andre servicetilbod, forutan sosial kontakt med andre menneske, gjer det særleg attraktivt med ei slik buform. Det er òg godt nytt at Kvinnherad kommune om få år kjem til å byggja eit nytt og moderne helsehus i nærleiken av seniorsenteret. Det er ein ekstra bonus for oss alle.
Vi ønskjer dykk ei god påskehelg!
Beste helsing
Prosjektgruppa for seniorsenteret
Roald Teigen, leiar
Kristian Hus, skrivar
Otto Blokhus
Aud Sigrun Fausk

