Nyhende

Gjer eit godt val!


No kan du gjera eit godt val! Og då tenkjer vi ikkje berre på Stortingsvalet komande måndag. Vi inviterer deg i staden til å gjera eit anna godt val; flytt inn i ein ny bustad i Seniorsenteret Husnes. Det kan visa seg å vera viktigare for deg enn alt anna no om dagen. 

Men du må vera snar, det er få bustader att. Per i dag er 24 av 29 leilegheiter selde, og interessa er god i marknaden! Sist veke blei tre av leilegheitene i 2. etasje endra frå reservert til selt, og blant dei største er det no berre nr 208 som er ledig. Den er på ca 100 kvm.


I 2. etasje er det enno nokre å velja mellom, til dømes nr 207 og nr 208. Sistnemnde får fin utsikt mot Opsangervatnet.


I 3. etasje er det no berre L-305 som er ledig. Det er ein endeleilegheit med fin ettermiddags- og kveldssol.


Sjå ledige bustader her.


Prosjektet skrid elles fram som planlagt, og neste sommar kan du vera installert i din nye heim sentralt i Husnes sentrum. Men tida går fort, og du må snart bestemma deg. Gjer du det, og signerer kjøpekontrakt i løpet av kort tid, kan du framleis vera med og bestemma fargeval og anna i leilegheiten din. Den sjansen blir mindre og mindre dess lenger ut i prosjektet vi kjem.


Vi minner elles om salskontoret i Husnes Storsenter (ved sida av Peppes pizza) kvar tysdag og torsdag mellom klokka 09.00 og 15.00. Der kan du få nærare informasjon om prosjektet og diskutera finansiering og anna med salsansvarleg Leif Helge Østebø. Obs! Kontoret held stengt 14. september.

Du får gunstig lån i Husbanken, opptil 85 % av kjøpesummen og med ei rente per d.d. på 0,75 % p.a.


Gjer eit godt val – vel Seniorsenteret Husnes!

 


Husnes, 10. september 2021.

Beste helsing prosjektgruppa

Roald Teigen, leiar

Kristian Hus, skrivar

Otto Blokhus

Aud Sigrun Fausk