Nyhende

Godt nytt år!

Vi håpar 2020 blir eit godt år, både for den enkelte av dykk og i høve til arbeidet med seniorsenteret. Det har i alle fall starta bra, tykkjer vi, og no kan vi informera om to konkrete og viktige avtalar som er gjort sidan informasjonen du fekk like før jul.

Det eine er at vi har gjort avtale med Engelsen Bygg AS på Stord om å vera totalentreprenør for prosjektet. Det andre er at vi har inngått opsjonsavtale med Birte Hjelmeland Bruvik (biletet) og syskena hennar om kjøp av deira tomt like bak Rema 1000. Eigarane av tomta vi i utgangspunktet ønskte å kjøpa, ville ha større kontroll over bygningsmassen enn det prosjektstyret kunne gå med på, og dermed måtte vi berre sjå oss om etter andre sentrumsnære løysingar.

image

Totalentreprenør
Engelsen Bygg AS er eit solid og lokalt forankra firma, som vi har stor tiltru til. Firmaet er bygd opp av solid handverk og fagkunnskap, i tillegg til god kompetanse i prosjektleiing tilpassa dei fleste typar byggjeprosjekt. Selskapet har hovudvekt på totalentreprisar for offentlege og private byggherrar. Dei har også gjennom mange år skaffa seg svært god kompetanse innan rehabilitering, blant anna innan verna bygningsmasse. Hovedmarknaden er i Sunnhordland og på Haugalandet, og mottoet deira er «Samhandling gjev resultat».

Prosjektstyret kjenner seg sikre på at vi har valt rett samarbeidspartnar, og at arbeidet med seniorsenteret med dette er kome inn på eit godt spor. Partane har allereie gjennomført eit godt og framtidsretta oppstartsmøte, og blitt enige om vegen vidare.

image

Tomta
Både prosjektstyret, totalentreprenøren og arkitekten ser på Hjelmelandstomta som svært godt eigna til føremålet, ja, kanskje endåtil betre enn det første alternativet, etter som alle leilighetene no får stove og balkongar vendt mot sør i tillegg til utsikt mot nord. At bygget kjem 50–60 meter lenger nord enn opprinneleg tenkt, vil i praksis ikkje bety noko som helst. Det blir uansett nærleik til det meste i sentrum, slik seniorar generelt er opptekne av. Avstanden til to av matbutikkane på Husnes blir også mindre no.

Sivilarkitekt
Gretha Rød i firmaet ABO Plan & Arkitektur held fram arbeidet sitt i prosjektet. Ho er reengasjert av Engelsen Bygg AS og er allereie i full gang med å teikna og planleggja seniorsenteret på den nye tomta. Målsetjinga er at vi innan 1. april skal kunna presentera dei reviderte planane. Viss interessa i marknaden held seg på same nivå framover, tar prosjektstyret sikte på at salsprosessen vil vera i gang i mai/juni. Og så sant mange nok teiknar seg som kjøparar i denne prosessen, blir det byggjestart i september. Då kan du flytta inn før jul til neste år.

Dette går vegen, folkens! Snart er det tid for å kvitta seg med eigne hus og hagar og flytta til lettstelte og velfungerande moderne leiligheter i Husnes seniorsenter i staden. Her vil du kunna møta alderdomen i eit sosialt og trygt miljø ilag med andre seniorar.

Husnes, 12. januar 2020.
Beste helsing prosjektstyret
Roald, Otto, Aud Sigrun og Kristian