Nyhende

Opp og fram!

Prosjektgruppa er glade for at så mange av dykk, trass i koronatid og strenge smitteverntiltak, kom på møtet i kulturhuset på Husnes andre veka i oktober. Vi håpar alle er friske og raske, og at informasjonen som blei gjeven om prosjektet, var til nytte i den enkelte sin avgjerdsprosess. I alle fall er både vi og totalentreprenøren, Engelsen Bygg,godt nøgde med kjøpsinteressa både i og etter møtet. Det gjev håp om realisering innanfor tidsplanen.


Status no i slutten av oktober er at det er gjort avtale om kjøp av 20 leilegheiter. Dermed kjem prosjektet inn i ein ny og spennande fase. For det første vil den formelle søknadsprosessen koma i gang for alvor, samt at aktuelle naboar vil få varsel om tiltaket før månadsskiftet.


Utanom salet så langt, ventar vi no i spenning på kva Kvinnherad kommune vil bestemma seg for. Vi set vår lit til at politikarane vil følgja opp, og stå ved, tidlegare klare uttale om kjøp av to leilegheiter. Signala frå administrasjonen er i alle fall svært gode, tykkjer vi, og det er ekstra gledeleg for oss som har arbeidd med å få prosjektet realisert. Kommuneleiinga si positive haldning gjev oss fornya pågangsmot, sjølv om vi må venta på eit endeleg svar.


«Utstillingsvindauge»

Slik vi forstår det som er kome fram i samtalar og korrespondanse, tenkjer ein seg at kommunen vil etablera eit «utstillingsvindauge» i seniorsenteret med alle moglege teknologiske løysingar for velferd og omsorg tilpassa eldre og funksjonshemma. Vi trur eit slikt tiltak vil vera til stor nytte for alle som etter kvart treng hjelp i heimen, same om ein bur i seniorsenteret eller andre stader.


Den teknologiske utviklinga har i alle fall gjort det langt lettare for folk i denne fasen av livet å greia seg mest mogleg åleine. Det er også i tråd med klare politiske og administrative mål om at kommunen skal leggja til rette for at eldre folk skal kunna bu lengst mogleg i eigen heim. Så vi håpar verkeleg dette blir noko av!


Vi håpar òg at Kvinnherad Breiband vil etablera seg på første plan i seniorsenteret. Forutan at det har stor betydning for økonomien i prosjektet, er breibandselskapet ei miljøvennleg bedrift utan støy og forureining av noko slag. Det aller viktigaste for bebuarane er likevel at ein får lett tilgang på fagkunnig hjelp visst det skulle oppstå eit eller anna problem med ulike datatenester, som til dømes TV og internett. Venteleg ser også KBand verdien av at dei her får ei relativ stor kundegruppe under same tak. Det blir med andre ord ein «vinn/vinn»-situasjon for begge partar. Så vi kryssar fingrane for at dette går i orden.


Ein annan tanke som vi i prosjektgruppa har vore inne på, er om seniorsenteret kan tilby ein overnattingsstad, der pårørande eller andre som kjem på besøk, kan bu i nokre dagar. Eit slikt tilbod vart også etterspurt på det siste informasjonsmøtet. Det ville jo vore heilt supert om vi kunne fått til noko slikt, forutan at det kan bli ein sosial møteplass. Men det har sjølvsagt ein økonomisk konsekvens, som det førebels er for tidleg å seia noko konkret om. Kanskje vi kunne fått det til i samarbeid med kommunen, eller at Sameiget kjøper og tar ansvar for ein slik leilegheit? Ideen er i alle fall verdt å diskutera og vurdera.


Rammeløyve

Søknadsprosessen i byggjeprosjekt som dette, er omfattande, og det er mange instansar som skal ha eit ord med i laget. Men det går framover, og neste steg no er å få rammeløyve frå kommunen. Når det ligg føre, vil utbyggjaren senda formell søknad til Husbanken om godkjenning av prosjektet. Banken er allereie godt kjent med arbeidet vårt, og alt ligg til rette for godkjenning. Det er i alle fall slik vi tolkar signala frå husbankleiinga her vest.


Elles kan vi fortelja at EiendomsMegler1 no førebur møte med kjøparane om kontrakt og hjelp med søknad til Husbanken. Samtidig vil Engelsen Bygg etablera eit sals- og møtekontor på Husnes, som eit praktisk tiltak i den vidare prosessen.


Salsansvarleg Leif Helge Østebø har planlagt å vera på Husnes komande onsdag, den 28. oktober. Dersom du ønskjer å snakka med han, kan du ta kontakt per telefon 970 59 565 eller e-post for å gjera ein avtale.


Det skjer mykje framover no, så sjekk e-posten din for ny informasjon. Plutseleg har vi noko nytt og interessant å fortelja.


Husnes, 25. oktober 2020.

Beste helsing prosjektgruppa

Roald Teigen, leiar

Kristian Hus, skrivar

Otto Blokhus

Aud Sigrun Fausk