Nyhende

Seniorsenteret Husnes står klart! Velkomen til fleire visningar.

Bebuarar har flytta inn og varmen brer seg i det nye huset i Husnes sentrum. Vi er glade for at prosjektet har gått så bra og at vi no er i ferd med å gå frå å setja opp eit bygg til å skapa ein heim.

Vi inviterer til fleire visningar


Det står to leilegheitar ledige, éin på 78 kvm (L-207) og éin på 100 kvm (L-208). Om du – eller nokon du kjenner – vurderer å kjøpa husvære i Husnes sentrum kan ein melda seg på omvisning i ferdige leilegheiter i seniorsenteret følgjande dagar:


Onsdag 31. august klokka 15:00–17:00

Onsdag 7. september klokka 15:00–17:00

Onsdag 14. september klokka 15:00–17:00


Meld deg på snarast til salsansvarleg Leif Helge Østebø på telefon 970 59 565 eller på epost lho@engelsenbygg.no.


Vi minner om nokre av føremonene:

  • Høg standard
  • Husbankfinansiering
  • Godt bumiljø
  • 2 eller 3 soverom
  • Flytt inn så snart som råd

Sjå dagsaktuell status om ledige leilegheiter på nettsida vår husnesseniorsenter.no


Vel møtt!








Alle foto: Kristian Hus