Nyhende

God jul frå Seniorsenteret

O, jul med din glede…


Vi går inn i den siste veka før jul samtidig som sola «snur». Ein hektisk haust ligg bak oss, og med vintersolkverv den 21. desember kan vi sjå fram til lysare tider både meteorologisk og ikkje minst med tanke på framdrifta av seniorsenteret. 2022 blir nemleg det året mange flyttar inn i det aller første senteret i sitt slag her i kommunen, og venteleg blir det til glede for mange. Vi i prosjektgruppa gler oss i alle fall til sommaren!

Salet har gått litt tregt siste månadene, men vi registrerer likevel at interessa for å bu sentralt og lettvint i eit fellesskap framleis er til stades. Per i dag er det skrive kontrakt på 21 av 29 leilegheiter, så viss du er interessert har du enno sjansen.



Dei fleste som er ledige no ligg hovudsakleg i 2. etasje, forutan at det er ein ledig i 3. etasje. Etter vår meining er dette òg flotte husvære med same gode kvalitet som alle andre. Utsikten er det heller ikkje noko å seia på. Til dømes ligg nr 206, 207 og 208 sør-austvendt med utsikt mot Opsangervatnet. Carport følgjer òg med i prisen, til liks med det alle andre kjøparar får.
Frå leilegheitene på 70 kvm har du utsikt mot Kaldestadåsen i sør-vest gjennom ein stor open glasfasade mot balkongen. Vi trur du vil bli overraska over utsikten.

Elles er Husbankrenta framleis svært låg, med 0,73 % p.a. frå 1. januar. Betre finansiering enn dette får du ikkje nokon stad, etter det vi kjenner til.

I ei tid der straumprisane er svært høge og ustabile, er det òg verdt å merka seg at i denne type bygg brukar du langt mindre elektrisitet enn i ein einebustad, kanskje heilt ned mot 25 prosent av det som er vanleg i eit hus. Det fortel oss at du sparer mykje på å bu i tette og «superisolerte» leilegheiter i seniorsenteret.



Som planlagt

Framdrifta for bygget går elles etter planen, og entreprenøren er i rute i høve til overlevering til sommaren. Arbeidsstyrken produserer for full maskin om dagen, og det går radig på fram både inne og ute. Taktekkinga blir også ferdig i desse dagar samtidig som ein er i sluttfasen med montering av vindu i alle leilegheitene. Bygget byrjar med andre ord å få eit flott preg over seg.
Etter nyttår startar arbeidet med fasadeplater og kledning utvendig, samtidig som innredningsarbeida går for fullt frå 1. til 5. etasje.

Avtalen om salskontoret i Husnes Storsenter er forlengja til ut april neste år. Entreprenøren vil også prøva å få til eit salsarrangement ei helg i februar/mars når smittesituasjonen har endra seg. Då vil potensielle kjøparar få koma inn i bygget for å sjå leilegheitene. Så sit du framleis på gjerdet og ikkje har bestemt deg enno, får du ein sjanse då.

I lag med alle dykk som allereie har kjøpt leilegheit gler både vi i prosjektgruppa og Engelsen Bygg seg til å starta på siste reis inn mot ferdig bygg i 2022. 

Vi takkar for i år og ønskjer dykk alle ei god jul og eit godt og koronafritt nytt år!

Husnes, 18. desember 2021.


Beste helsing prosjektgruppa

Roald Teigen, leiar

Kristian Hus, skrivar

Otto Blokhus

Aud Sigrun Fausk