Nyhende

Sommar og ferietid – men òg tid for bygging!

Vi har bak oss nokre flotte sommarveker, med sol og gode temperaturar som innbyr til både badeliv og ulike andre fritidsaktivitetar. Etter ein lang periode med fokus på pandemi og smittevern, ser vi dessutan alle no fram til ein meir normal kvardag og større fleksibilitet. Mange har allereie byrja på ein etterlengta ferie, medan ein del enno held hjula i gang på ulike arbeidsplassar. Det gjeld ikkje minst dei som arbeider på seniorsenteret. Her står dei på dagen lang – og dei ligg endåtil føre tidsskjemaet!


Bygget viser no meir og meir att på tomta for kvar dag som går. Betongelementa og stålkonstruksjonane til «hovudbygget», der det skal koma 20 leilegheiter i tillegg til Kvinnherad Breiband på grunnplanet, er på plass og i denne veka er elementa til 3. etasje komne opp. Det stig til vêrs, med andre ord.


Prosjektansvarleg hjå leverandøren, Hå Element AS, opplyser at monteringsarbeidet har gått svært bra så langt, og at dei endåtil ligg føre skjema. Når ferien er over uti august, vil arbeidet fortsetja for fullt igjen.


Tømrararbeidet startar òg opp i slutten av august, også det etter tidsplanen.




Feriestengt salskontor

Kontoret i Husnes Storsenter er no stengt fram til tysdag 17. august, og då vil du kunna treffa salsansvarleg Leif Helge Østebø igjen, frå klokka 09 til 15. Leigeavtalen for kontoret er elles forlengja til 30. september. 


Ved inngangen til ferietida er det ni uselde leilegheiter å velja mellom, så viss du framleis er interessert i ein lettstelt bustad, må du hiva deg rundt no og bestemma deg. Gløym vedlikehald på huset ditt, gløym hagestell, gløym snømåking om vinteren – og få eit sosialt og avslappa liv i Seniorsenteret Husnes.


Dei leilegheitene som er selde så langt er i ulike storleikar, blant anna blei den største og dyraste (L-408) nyleg selt. Dersom du bestemmer deg og tar kontakt no, kan du tilpassa fargeval, innreiing, belysning og tekniske installasjonar etter dine eigne personlege ønskje. Alle leilegheitene har carport og utvendig bod (inkludert i prisen). 85 % finansiering gjennom Husbanken er eit anna gode.



Prisauke

Som dei fleste venteleg har fått med seg, har det vore ein svært stor auke i prisane på tømmer siste året. Det vil høgst sannsynleg resultera i ei prisjustering på dei minste leilegheitene frå 1. september. Men bestemmer du deg før den tid, får du fast pris i samsvar med gjeldande prisliste.


Vi i prosjektgruppa er uansett svært glade over at det første seniorsenteret i Kvinnherad snart er ein realitet, og at arbeidet så å seia går på skinner om dagen. Plutseleg er det jul igjen, og etter det kan du begynna å gjera deg klar til innflytting. Sommaren 2022 blir bra, skal du sjå!


I mellomtida ønskjer vi dykk alle ei fin tid framover!

 

Husnes, 15. juli 2021.

Beste helsing prosjektgruppa

Roald Teigen, leiar

Kristian Hus, skrivar

Otto Blokhus

Aud Sigrun Fausk