Nyhende

O, jul med din glede…!

Torsdag 17. desember 2020 blei ein spesiell dag for Seniorsenteret Husnes, då ein gravemaskin frå Dimmelsvik Entreprenør køyrde inn på tomta for første gang. Oppdraget var å grava hol og undersøkja grunnforholda med tanke på fundamentering av bygget. Bonitering, heiter det på fagspråket.

Betre julegåve kunne vi i prosjektgruppa ikkje få, så denne milepælen måtte sjølvsagt markerast med alkoholfri sjampagne. Å sjå ei gravemaskin starta opp på tomta, framkalte nokre gledestårer hjå fleire av oss som såg på.

Sjølve grunn- og betongarbeidet reknar totalentreprenøren, Engelsen Bygg, å koma i gang med i neste månad når grunnforholda er vurdert og arbeidsteikningane er klare. Dessutan må kommunen gje igangsetjingsløyve. Prøvegravinga i dag vart gjort for å finna djupne til fjell, kva type massar det er på tomta og kvaliteten på massane som ligg der. Åsmund Torjussen i Agderplan AS, som prosjekterer grunnarbeidet, reknar ikkje med at dei vil møta nokon spesielle problem når arbeidet kjem i gang for alvor på nyåret. Dette går vegen, seier han.

Elles pågår no målararbeidet i sals- og utstillingslokalet i Husnes storsenter, og etter planen skal EiendomsMegler1 vera etablert der i neste veke.

Prosjektet går altså sin gang, stort sett etter planen, så vi kan berre ønskja dykk alle ei god og kjekk julehelg! Samtidig håpar vi at 2021 blir eit godt år, og at samfunnet etter kvart vil normalisera seg igjen.

Takk for i år! No går det strake vegen mot realisering av det første seniorsenteret i Kvinnherad.

Husnes, 17. desember 2020.

Beste helsing prosjektgruppa
Roald Teigen, leiar
Kristian Hus, skrivar
Otto Blokhus
Aud Sigrun Fausk

Permar med nødvendig informasjon til kjøparane ligg klare.