Nyhende

Nytt år – og ny fart i arbeidet!

Salsansvarleg Leif Helge Østebø i samtale med Ingunn Holmedal om seniorsenteret. (Foto: Kristian Hus)

Biletet: Salsansvarleg Leif Helge Østebø i samtale med Ingunn Holmedal om seniorsenteret. (Foto: Kristian Hus)


Vi har feira jul og nyttår og sagt farvel til 2020, eit år med både opp- og nedturar på så mange vis. No gler vi oss over lysare tider – på fleire måtar. Det mest synlege er at dagane er blitt lenger siste månaden, og at kveldane er lysare. Det ser også ut til at dei strenge smitteverntiltaka vi har levd med ei stund no, har gitt resultat og at smitteveksten minkar. Det er òg eit lyspunkt at vaksinasjonen mot Covid-19 er komen godt i gang. Det gjev håp om at vi snart får leva eit meir normalt liv igjen, sjølv om vi framleis må vera årvakne og følgja råda frå styresmaktene.


Trass i den spesielle situasjonen vi er i, går arbeidet med seniorsenteret for fullt på fleire plan, og målet er framleis at prosjektet vil stå klart til bruk i løpet av 1. halvår 2022. Det er ikkje lenge til!


Ved utgangen av januar er det selt 16 leilegheiter, medan to andre er reserverte. Vi håpar også at kommuneleiinga vil følgja opp det som tidlegare har vore sagt frå politisk hald om kjøp av to leilegheiter, og at dei snart vil signera kontrakt om dette.


Salskontoret vårt er å finna like ved Peppes pizza i Husnes storsenter. (Foto: Kristian Hus)


Salskontor

Kontoret og utstillingslokalet i Husnes Storsenter er teke i bruk denne veka, og her kan kjøparane koma innom for å sjå på planløysingar, kjøken, diskutera tilval og få svar på spørsmål ein måtte ha. Det er framleis mange attraktive leilegheiter å velja i, med gunstig finansiering gjennom Husbanken.


Skulle du framleis vera i tvil, kostar det ikkje noko å forhøyra seg meir om prosjektet og sjå kva muligheter det er for deg i seniorsenteret.


I denne veka har utbyggjaren også intensivert marknadsføringa av prosjektet, med blant anna annonsering både på nettsida og i papirutgåva til Kvinnheringen. Målet er å få selt dei resterande leilighetene før innflytting neste vår/sommar. Vi reknar med at interessa vil auka når arbeidet på tomta kjem i gang for fullt utover våren.


Ingunn Holmedal var innom salskontoret på Husnes storsenter torsdag. Ho gler seg til å kunna flytta inn i seniorsenteret. (Foto: Kristian Hus).


Oppstart

Kvinnherad kommune har også godkjent søknaden om avkøyrsle til bygget, samt tilknyting til vatn og avløp. Søknad om igangsetjingsløyve er sendt og venteleg vil vi få eit positivt vedtak om dette i nær framtid.

Kommunen er elles positiv til dei grundige undersøkingane som er gjennomførde i høve til grunntilhøva. Det betyr at så snart arbeidsteikningane er utarbeidde, vil Dimmelsvik Entreprenør kunna setja i gang grunnarbeidet. 

Alt i alt går prosjektet på fram, stort sett etter planen, så det er absolutt grunn til å gleda seg over at det første seniorsenteret i Kvinnherad snart kan takast i bruk.

Vi held deg fortløpande orientert!

 

Husnes, 5. februar 2021.


Beste helsing prosjektgruppa

Roald Teigen, leiar

Kristian Hus, skrivar

Otto Blokhus

Aud Sigrun Fausk