No er arbeidet med seniorsenteret i full gang, med graving, fjerning av jord og tilkøyring av stein kvar dag. Arbeidsvêret sidan oppstarten sist veke har vore heilt perfekt! Om ein månads tid byrjar fundamenteringa til fast fjell (peling) og knappe to veker deretter skal arbeidet med betongfundament og leidningar i grunnen vera i gang. Montering av betongelement for dei 20 første leilegheitene er neste steg. (Planlagt oppstart er 28. juni).
Entreprenøren har eit mål om at taktekkinga skal starta tidleg i oktober og at bygget skal vera tett i november.
Medan grunn- og betongarbeidet no pågår for fullt, vil det samtidig bli avklart kven som skal utføra maling- og flisleggjingsarbeidet. Leverandørane av kjøken og tekniske fag er òg komen langt med sitt arbeid. Målet til Engelsen Bygg er å ha møte med alle kjøparar i løpet av juni, slik at innhaldet i den enkelte leilegheit kan bli fastlagt då. Per no er 17 leilegheiter selde og alle kjøparane av desse har hatt sitt første avklaringsmøte.

12 leilegheiter igjen
Det er framleis interesse for dei resterande leilegheitene, og er du blant dei som sit på gjerdet er det viktig at du bestemmer deg og tar kontakt no, slik at du kan tilpassa fargeval, innreiing, belysning og tekniske installasjonar etter dine personlege ønskje.Det er flotte leilegheiter igjen i 2., 3. og 4. etasje, med prisar varierande frå kr 2.750.000 til kr 5.400.000, alle med carport og utvendig bod. Som før fortalt, får du inntil 85 % finansiering gjennom Husbanken.
Kontoret i Husnes Storsenter (ved Peppes Pizza) vil vera ope kvar tysdag og torsdag mellom kl 09 og kl 15 fram til sommarferien.
Skulle du kjenna nokon som framleis tenkjer på å kjøpa, så oppmodar vi deg om å informera desse om at det no minkar på mulighetene. Det kjem stadige forespørslar etter ledige leilegheiter, så det byrjar å hasta for dei som ikkje alt har bestemt seg.
Meir informasjon finn du på nettsida vår. Du kan òg ta kontakt med salsansvarleg Leif Helge Østebø på telefon 970 59 565 eller e-post.
Slik det ser ut i dag, er målet at overlevering av den enkelte leilegheit vil skje i slutten av juni neste år. Du har med andre ord ikkje meir enn tida og vegen til å førebu deg på innflytting i det første seniorsenteret i sitt slag i Kvinnherad. Tida går fort, så plutseleg er du der!
I mellomtida ønskjer vi deg ein fin og koronafri sommar!
Husnes, 30. april 2021.
Beste helsing prosjektgruppa
Roald Teigen, leiar
Kristian Hus, skrivar
Otto Blokhus
Aud Sigrun Fausk