Nyhende

Skilt på plass

Otto Blokhus, Roald Teigen og Aud Sigrun Fausk er snart til vegs ende med seniorsenteret.
Biletet: Otto Blokhus, Roald Teigen og Aud Sigrun Fausk er snart til vegs ende med seniorsenteret.

Seniorgruppa i Frivilligsentralen er ikkje radt ferdig med oppgåvene sine i Seniorsenteret enno, sjølv om prosjektet så å seia er ferdig, og har vore i bruk i om lag eit halvt år. For noko vesentleg har mangla; nemleg eit skilt med konkrete opplysningar om bygget. I dag er dette kome på plass i inngangspartiet.

Seniorgruppa ser no enden på arbeidet sitt. Men først må drivhuset framfor bygget bli ferdig innreia. Venteleg vil dette skje til våren ein gong. Planen er at det skal vera ein samlingsplass i grøne omgjevnader for bebuarane.

«Her må skiltet hengja», meiner styret i Seniorgruppa.